Kjærlighet
Om filmen
Originaltittel: Kjærlighet
Premiere: 2024-12-25
Varighet: 1t 59min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 9
Originalspråk: Norsk
Regissør: Dag Johan Haugerud
I denne filmen møter me legen Marianne og kollegaen hennar, sjukepleiaren Tor. Ingen av dei er på jakt etter eit konvensjonelt forhold. Ein kveld, då Marianne er på veg heim med båten etter ein date, møter ho Tor, som tilbringer nettene på ferja der han cruisar etter andre menn. Når Marianne høyrer Tor fortelje om den tilfeldige nærleiken og samtalane som kan oppstå i samband med cruising, byrjar ho å vurdere om dette også kan vere eit alternativ for henne.
Ein film i trilogien Sex - Drømmer - Kjærlighet. Tre frittståande filmar som krinsar rundt begjær, identitet og lengselen etter fridom. Kan sjåast heilt uavhengig av kvarandre.