Knerten og sjøormen

Om filmen

Originaltittel: Knerten og sjøormen

Premiere: 2020-07-03

Varighet: 1t 11min

Sjanger: Barnefilm, Familiefilm

Aldersgrense: Tillatt for alle

Originalspråk: Norsk

Regissør: Tove Undheim

I den nye filmen om Knerten (300 ½ år) og Lillebror (7) får me vere med på verdas beste sommarferie på den magiske sommarøya til Tante Thea, og me blir kjent med Eddy (8) og den sjølvutnemnde sjøormeksperten Blegen (omkring 40). Nokon har sett ein sjøorm i fjorden, og Blegen treng hjelp til å finne han. Men Knerten er skeptisk til både Eddy og Blegen. Sjøormar trur han ikkje på, og Eddy forstyrrar den planlagte svømmeopplæringa. Når Lillebror vil på sjøormjakt vil ikkje Knerten vere med, for Knerten vil ha Lillebror for seg sjølv. Men kva om sommaren med Eddy blir tre gonger så artig? Og kva om dei greier å hjelpe Blegen med å bevise at sjøormen faktisk finst? Havet er jo så stort at ingen veit kva som finst der nede - ikkje ein gong Knerten! Saman legg dei ut på ei spennande jakt som gjer sommarferien til den mest eventyrlege dei nokon gong har hatt.