Knives Out

Om filmen

Originaltittel: Knives Out

Premiere: 2019-12-06

Varighet: 2t 10min

Sjanger: Action

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Rian Johnson

Regissør Rian Johnson (Looper, Star Wars: The Last Jedi) leverer med Knives Out ein hyllest til Agatha Christie sine legendariske kriminalhistorier.

Den suksessfulle krimforfattaren Harlan Throbey (Christopher Plummer) blir funne død i herskapshuset sitt rett etter feiringa av 85-årsdagen sin, og den eksentriske detektiven Benoit Blanc (Daniel Craig) er av diffuse årsaker hyra som etterforskar. Frå Harlan sin dysfunksjonelle familie, til hans trufaste stab av tenarar, må Blanc manøvrere ei stram line mellom sanningar, løgner og blindspor for å avdekkje sanninga bak Harlan sin brå død. Med eit stjernespekka skodespelar-ensemble som ved sida av Plummer og Craig teller Chris Evans, Ana de Armas, Jamie Lee Curtis, Toni Collette, Don Johnson, Michael Shannon, LaKeith Stanfield, Katherine Langford og Jaeden Martell, er Knives Out eit friskt, morosamt og moderne mordmysterium der alle er like mykje under mistanke.