Konsert med Ål-koret

Om arrangementet

Ryktet fortel...

NB! Konserten er utsett frå 15. april til 30. september grunna korona.


Ryktet fortel.... at Ål-koret slår seg laus med overraskande arrangement av kjente og kjære norske låtar. Me kan her og no fortelje at dette er heilt sanne rykter. Etter ei lang utsetjing grunna pandemien, kan Ål-koret endeleg få halde denne konserten som dei gledar seg så til.

Kjem du til Ål kulturhus denne kvelden får du høyre alt frå Eggum i vest til Bremnes i nord med ein sving innom Nordstoga, Ole Paus, Øystein Sunde, Lillebjørn Nilsen og fleire til.

Det blir morosame arrangement, tøffe arrangement og vakre arrangement. Det blir solistinnslag og mannskor, og kven veit, kanskje det dukkar opp fleire overraskingar...? Hald av kvelden allereie no!