Konsert med Mirsaeed Hosseiny Panah

Om arrangementet

Då Osebergskipet vart grave ned i 834 e.Kr. var skipet fylt med skattar, mellom anna silkevevnader frå Persia. Om vikingane var i Iran tidleg på 800-talet, kan det hende dei fekk høyre musikk spelt på instrumentet santoor, som allereie då var fleire hundre år gamalt. Santooren spreidde seg i heile Midtausten og til India og Europa i mellomalderen, og kan vere den opprinnelege inspirasjonen til mange av instrumenta me kjenner, mellom anna pianoet. Det er sannsynleg at norske vikingar og korsfararar har høyrt instrumentet på reisene sine og fortalt dei som var att heime om det dei hadde høyrt.

På St. Hansaften kan me få høyre santoor i Torpo stavkyrkje som vart bygd på 1160-talet.

Mirsaeed Hosseiny Panah frå Iran er ein av verdas fremste utøvarar og komponistar på instrumentet og har tidlegare vore gjestekunstnar på Leveld Kunstnartun i Ål. 

Konserten blir innleidd med eit miniforedrag om vikingane og korsfararane sin kontakt med Persia og midtausten av Eilev Dekko frå Torpo.