Konsert med Passepartout Duo
Billettar
Om arrangementet
I samarbeid med Fryd Scene og Ål kulturskule inviterar Leveld Kunstnartun til konsert med Passepartout Duo. Under denne konserten skal publikum ligge på matter, og få oppleve den meditative og minimalistiske musikken til pianisten Nicoletta Favari (Italia) og perkusjonisten Christopher Salvito (USA/Italia) på nært hald. Duoen har vore på ein nær kontinuerleg verdsturné sidan dei byrja samarbeidet sitt i 2015, og erfaringane frå reisene har i stor grad prega den unike skapande prosessen deira, der dei mellom anna byggjer instrumenta sine sjølve.
I mai er duoen på residensopphald ved Leveld Kunstnartun.
Velkomen til meditasjonsstund og kunstoppleving!
Arrangementet er gratis. For å sikre deg plass, kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.
Konserten varar omlag 30 minutt.
Les meir om duoen her:
https://passepartoutduo.com/
