Konsert med Tiur (Leveld kunstnartun)

Billettar

Om arrangementet

Vin & jazz: Bjørneboes lyrikk til musikk

Eksklusiv urframføring!
Verdspremiere på nyskriven jazzmusikk til tekstar av Jens Bjørneboe.

Laurdag 7. november vil 50 heldige publikummarar få med seg ei unik musikalsk hending på SPRANG scene på Ål Kulturhus.
Då framfører duoen Tiur sitt nykomponerte musikkverk til nokre av Jens Bjørneboe sine vakraste dikt.

Tiur består av vokalist Bethany Forseth-Reichberg og pianist Martin Sandvik Gjerde. Dei har bakgrunn frå Noregs Musikkhøgskule og har turnert og spelt med ei rekke kjende norske jazzmusikarar dei seinare åra. I 2019 gav dei ut sitt debutalbum “Når tiden står stille”, til strålande kritikkar.

Tiur spelar klassisk jazz a la Radka Toneff, Sidsel Endresen og Arild Andersen. I dette prosjektet tek dei utgangspunkt i fleire ukjende dikt av Jens Bjørneboe, og formidlar ei heilt ny varme og nærleik i tekstane.

Konserten markerer Bjørneboe-jubileet 2020, og er eit samarbeid mellom Leveld Kunstnartun og Ål kulturhus.


Dørene opnar kl 19.00
Programstart kl. 19.30

Me legg opp til småbord og lun stemning i salen - sjølvsagt innafor smittevernreglane.
Det blir sal av vin og alkoholfri drikke, og kulturhusets eigen eminente vinkjennar står for serveringa!