Nesch-utstilling sommaren 2021


Utstillingsopning i Galleri Syningen laurdag 19. juni:

Tingenes tilsynekomst
- En bok om Rolf Nesch til Rolf Nesch fra femten norske forfattere


Grafikk og dikt






Utstillinga blir vist til 28. august


Nesch-museet

I Nesch-museet er det i perioden 19/6-28/8 heile 11 nye verk som ikkje blir vist der permanent. Mellom anna får du sett den fantastiske trykkplata til det kjende biletet Bernadette. Det er gratis inngang i Nesch-museet i denne perioden.

Opningstider

Utstillinga i Galleri Syningen har faste opningstider tysdag, onsdag, torsdag, fredag og laurdag kl. 12-15.
I tillegg kan du få sett utstillingane i Galleri Syningen og Nesch-museet utanom desse tidene på kvardagar kl. 08-16 (i opningstidene til kulturhuset).



Arrangør: Ål kunstforening/Ål kulturhus/Etterkomarane til Nesch










Ta også turen innom denne flotte utstillinga i Ål Stavkyrkjemuseum og Borgstugu i sommar:

(Ål Stavkyrkjemuseum finn du nedanfor Ål kyrkje. Innkøyring ved stasjonsbrua.)