Kvedarkvintetten

Om arrangementet

Å «låte på kjafte», altså syngje låtar utan tekst, er ei eiga grein innanfor den tradisjonelle folkesongen.
Kvedarkvintetten frå Torpo har i mange år utvikla dette i musikken sin, og no er dei klare med plata Tagal.
Tagal tyder å teie still eller vere ordlaus, og er eit verk skrivi for kvedarkvintetten av Jorun Marie Kvernberg.
Med minimal bruk av tekst og fokus på klang og uttrykk, skapar Tagal eit heilt nytt landskap for folkesongen.

Dette blir ein dag med både danse- og spelkurs, avspark til Folkemusikkveka, konsert og dansefest!

Kvedarkvintetten er: Margit Myhr, Helga Myhr, Sina Myhr, Silje Risdal Liahagen og Tonje Risdal Liahagen.


Arrangør: Fryd scene og Folkemusikkveka


Foto:  Jenny Berger Myhre