Då Tor Jonsson fillerista hallingen

Om arrangementet

Ål kyrkjeakademi presenterer:

Kåseri ved Bjarne Tormodsgard

Den nytilsette redaktøren i Hallingdølen, Tor Jonsson, går av toget på Ål stasjon. Han ser litt forvirra ut. Blir ståande å sjå seg rundt. Det er ingen stridsmann som går av toget – kan det synast som. Men der tek velkomstkomiteen styggeleg feil…

Journalisten, forfattaren, sosialisten og samfunnsrefsaren Tor Jonsson vart tilsett som redaktør i Hallingdølen våren 1946. Det vart nokre stormfulle månader. Med illsinte lesarinnlegg, trugsmål om masseoppseiing av avisa, bondeleiarar som vart hive ut av redaktørkontoret og prestar som refsa redaktøren frå preikestolen.

Tidlegare journalist og redaktør i Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard, kåserer over Jonssons korte, men stormfulle redaktørtid i Hallingdal. Tor Jonsson tok sitt eige liv 14. januar 1951, berre 35 år gamal. I dag er han mest kjend som lyrikar.