Les, lik og del. Ålingar gir lesetips

Om arrangementet

Ål bibliotek inviterer til bokprat

Vinteren er ei fin tid for lesing, og den beste inspirasjonen får me kanskje frå andre som likar å lese. Me fortset derfor suksessen frå i fjor med å invitere lokale folk til å dele nokon av sine eigne gode leseopplevingar.

Kva gjer at ei bok fengjer? Bergljot Kaslegard har invitert tre nye ålingar til samtale om bøker dei har likt. Denne gongen tek me ein tur ut av biblioteket og inn på Kafé Tid.

Arrangementet er ein del av biblioteket sin Vinterles-kampanje, som varar frå 10. januar til 10. april. Bli med på bokbingoen i denne perioden, og du kan vinne ei korg med godsaker frå Tid kafé & landhandel til verdi av kr. 1000,-!

 

NB! Kafé Tid. Gratis inngang.