Lillesøster
Om filmen
Originaltittel: La Petite Dernière
Premiere: 2026-05-29
Varighet: 1t 46min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 15
Originalspråk: Original
Regissør: Hafsia Herzi
Når Fatima forlet den samansveisa forstadsfamilien sin for å studere filosofi i Paris, blir ho sett i ein skvis mellom den religiøse oppdraginga og det frie studenttilværet i storbyen. Vinnar av Queer Palm-prisen og prisen for beste kvinnelege skodespelar på Cannes Film Festival.
Fatima er 17 år og veslesyster i ein varm fransk-algerisk familie. Me følgjer henne idet ho flyttar heimefrå, og startar på universitetet i Paris. Ho datar, får vener og tek sine fyrste, varsame steg ut i vaksenlivet. Men når Fatima oppdagar ei tiltrekning mot kvinner, blir kjensla av lojalitet overfor den elska muslimske familien hennar utfordra. Fatima blir konfrntert med det som kjennest som eit umogleg dilemma: Korleis kan ein halde fram med å vere tru mot seg sjølv, når dei ulike delane av identiteten ikkje virkar til å passe saman? LILLESØSTER er eit lågmælt, men kraftfullt coming-of-age drama. Herzi målar karakterane sine med empati, og fell ikkje for freistinga av å skru opp konfliktnivået for å skape drama. Historia til Fatima handlar meir om å akseptere seg sjølv, enn å bli akseptert av andre. Med det blir LILLESØSTER snarare ei historie om å vekse opp, enn ei historie om å kome ut. Regissør: Hafsia Herzi (f. 1987) er ein fransk regissør med algerisk og tunisisk bakgrunn. Ho fekk gjennombrotet sitt i filmbransjen som skodespelar, og har vunne fleire prisar for sitt arbeid framfor kamera. The Little Sister er hennar tredje spelefilm som regissør. Den hadde premiere på filmfestivalen i Cannes, der han vann Queer Palm-prisen og prisen for beste kvinnelege skodespelar.
