Lise & Snøpels - Venner for alltid

Om filmen

Tittel: Lise & Snøpels - Venner for alltid

Premiere: 2022-01-21

Varighet: 1t 27min

Sjanger: Animasjon, Barnefilm

Aldersgrense: 6 år

Originalspråk: Norsk tale

Regissør: Jan Bubenicek, Denisa Grimmová

Bli med på ei uforgløymeleg og magisk reise med Lise Mus og Snøpels Rev! Ei vakker og spennande historie om eit usannsynleg vennskap som du seint vil gløyme. Etter ei nokså uheldig hending nede på jorda, befinn ei hissig lita mus ved namn Lise Mus seg brått i dyrehimmelen. Etter kort tid møter Lise Mus på den sjenerte reven Snøpels Rev. Men kvar har ho sett han før? Aha! Det var han som jaga henne ut i vegen, så det er sjølvsagt hans skuld at dei begge har hamna her. Av naturlege årsaker kunne dei to aldri vorte vener nede på jorda, men for å lykkast på reisa gjennom denne merkelege nye verda så blir dei to naturleg fødde fiendane nøydde til å jobbe saman. Og i dyrehimmelen, der dyr ikkje lenger kan ete kvarandre og der dei er frigjort frå dei naturlege instinkta sine, oppdagar Lise kor mykje ho faktisk har til felles med Snøpels. Saman legg dei ut på eit fantastisk og ugløymeleg eventyr, og på vegen utviklar dei eit ganske så vakkert og usannsynleg vennskap. «Lise & Snøpels – Venner for alltid» er ein rørande film om håp, mot og vennskap, om å overvinne fryktene sine, og at alt ikkje nødvendigvis er som du trur. Filmen vart tatt ut til official selection i Annecy i år, den var nominert til beste animasjonsfilm i European Film Awards, og har vunne ei rekkje prisar på festivalar verda over.