Poesikveld

Om arrangementet

Ål har fostra mang ein diktarsjel, og denne kvelden har du sjansen til å bli betre kjent med to av dei.

Ragnhild Danielsen Lybekk (f. 2000) vart ferdig utdanna lektor våren 2025 og er fersk lyrikkdebutant. Ho engasjerer seg i mykje, og gjennom studieåra har ho skrive både i lokalavisa og elles. Slik har Når himmelen brenner i de varmeste farger vorte til. Diktsamlinga rommar tekstar om naturen, relasjonar, melankoli og håp, og er som ei reise gjennom tid og rom.

Karen-Margrethe Erlandsrud (f. 1953) voks opp som jernbaneunge og Sundrejente. Ho flytta attende til Ål for fire år sidan fordi ho lengta heim. I fjor kom den fyrste diktboka hennar. Når ho no presenterer nye dikt frå boka Kvardagar med spor av song, ynskjer ho å skape ei kvardagsstund som me vil hugse, og ho lovar at me skal få høyre songen.

Velkomen til poesikveld!


Gratis inngang!
Du kan sikre deg plass ved å hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.


Program:
18:00 Kultursjef Inger Bråten ynskjer velkomen.

Ragnhild Danielsen Lybekk 
- Når himmelen brenner i de varmeste farger, ca. 30 minutt

Pause og høve til å sjå på poesiutstilling laga av 4. trinn ved Nedre-Ål skule.

19:00 Karen-Margrethe Erlandsrud
- Kvardagar med spor av song, ca. 1 time.