Maj Britt Andersen: Julegleder

Om arrangementet

Maj Britt Andersen er ein nestor innan norsk visekunst, og ho formidlar tekst og musikk med ein sjeldan varme. Difor er det grunn til å gle seg spesielt til denne julekonserten, der ho saman med eminente musikarar framfører både gamle, kjente og kjære julesongar i tillegg til utvalde songar frå juleplata
«Væla omkring», som vann Spellemannspris i 2015.

Få artistar har teke borna på musikalsk alvor slik som Maj Britt Andersen har gjort det. Difor er det ekstra hyggeleg at ho har invitert med seg eit stort kor av lokale born som vil bidra i konserten.

Velkomen til ein julekonsert for både store og små, der Maj Britt Andersen også deler minne frå sin eigen barndoms jul på Toten på 60-talet.
Me kan love julestemning frå fyrste tone!


Barnebillett = under 15 år