Maleficent: Mistress of Evil

Om filmen

Originaltittel: Maleficent: Mistress of Evil

Premiere: 2019-10-16

Varighet: 1t 58min

Sjanger: Eventyr

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Joachim Rønning

Maleficent: Mistress of Evil, er oppfølgjar til den internasjonale box-office suksessen Maleficent frå 2014. Me møter att Angelina Jolie og Elle Fanning i rollene som den mørke feen Maleficent og prinsesse Aurora, to velkjente karakterar frå studioets klassiske animasjonsfilm Tornerose – den utrulege historia som vart gjort levande på det store lerretet i Maleficent. På rollelista finn me no også Michelle Pfeiffer, Chiwetel Ejiofor, Sam Riley, Harris Dickinson, Ed Skrein, Imelda Staunton, Juno Temple og Lesley Manville. Maleficent: Mistress of Evil er eit fantasy-eventyr som tek oss fleire år etter hendingane i Maleficent, der publikum vart kjent med hendinga som fraus hjarta til ei av Disney sine mest kjende skurkar og dreiv henne til å kaste ei forbanning over babyen, Prinsesse Aurora. Filmen held fram med å utforske det komplekse tilhøvet mellom feen med dei to horna og Aurora, som snart blir dronning, då dei i møte med nye fiendar må skape nye alliansar i kampen for å forsvare riket sitt og dei magiske skapningane der. Filmen er regissert av Joachim Rønning, basert på ei historie av Linda Woolverton, manuskriptet er av Linda Woolverton, Micah Fitzerman-Blue & Noah Harpster. Filmen er produsert av Joe Roth, Angelina Jolie og Duncan Henderson, med Matt Smith, Jeff Kirschenbaum og Michael Vieira som produsentar.