Margit Lappegard v/Ål kyrkjeakademi

Om arrangementet

Den betydningsfulle andre

Margit Kristin Frida Lappegard er gestaltteraput og teolog med særleg interesse for relasjonar og samspel mellom menneske. I dette foredraget vil ho sjå nærare på fenomena relasjon, forventning og tid. 

Margit vil mellom anna prate om desse spørsmåla:
-Kva er det eigentleg å vere i relasjon til andre?
-Korleis påverkar me - og korleis blir me sjølve påverka av
andre?
-Korleis kan forestillingane me har om andre menneske både begrense og øydeleggje?
Når blir me «den betydningsfulle andre» i dei møtene me har med andre menneske?

Margit er oppvaksen i Ringerike og Elverum, men har vore busett i Hallingdal sidan 2011. Ho har slektsrøter frå Ål, og har både kjennskap og tilknytning til Hallingdal.

Margit arbeider med samtaler og foreldreveiledning i Psykisk helse barn og unge ved Geilo Helsestasjon – og driv i tillegg eigen praksis som gestaltteraput på Ål.