Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes

Om arrangementet

"Viser på veien"

VIKTIG INFORMASJON TIL BILLETTKUNDAR:
OBS! Me vil berre minne alle billettkundar på at konserten med Lars Bremnes og Maria Haukaas Mittet er flytta til sundag 11. april kl 19.00, og vil ikkje bli gjennomført 13. september.

Billetten du har kjøpt er framleis gjeldande i april, men konserten har allereie vore flytta ein gong, og me forstår om nokon ikkje ynskjer eller har høve til framleis å behalde billetten sin. Me refunderer difor til dei som ynskjer det.
Dei som har kjøpt billett på nett skal ha fått ein eigen e-post om dette. Dei som har kjøpt over skranken på kulturhuset må ta kontakt med oss innan 1. november.

 

********************


I fjor kunne ein sjå og høyre Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes i det populære TV2-programmet «Hver gang vi møtes». I musikalske møte mellom Maria, Lars, Sol Heilo, Elisabeth Andreassen, Trine Rein, Tom Mathisen, og Katastrofe, oppsto det magi, nydeleg musikalske opplevingar og gode samtaler.

Med gjensidig beundring for kvarandre som artistar dukka det der opp tankar om eit musikalsk samarbeid mellom Maria og Lars. Dette vart til ein turné som gjekk gjennom landet for utselde hus i fjor vår. Suksessen held fram, og no er dei ute på ny turné til over 20 nye konsertstader, deriblant Ål kulturhus.
Maria & Lars møttes på scena gjennom eigne viser og andre songar som har betydd mykje for begge. Konserten blir framført av dei to saman og kvar for seg, med eit felles band med tre dyktige musikarar.:
Gitarist og musikalsk leiar: Bernt Rune Stray
Keyboardist og multi-instrumetalist: Stein Austrud
Trommer og multi-instrumetalist: Martin Bremnes

Dette blir garantert ei flott konsertoppleving for publikum.