Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes - UTSELT!

Om arrangementet

"Viser på veien"

VIKTIG INFORMASJON TIL BILLETTKUNDAR:
Konserten er flytta til tysdag 1. juni kl 19.00.

Dersom du har kjøpt billett vil den gjelde på ny dato.

Konserten har allereie vorte flytta ein gong tidlegare, og me forstår om nokon ikkje ynskjer eller har høve til framleis å behalde billetten sin. Me refunderer difor til dei som ynskjer det. Ta kontakt med oss innan 21. mai.

 

********************


I fjor kunne ein sjå og høyre Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes i det populære TV2-programmet «Hver gang vi møtes». I musikalske møte mellom Maria, Lars, Sol Heilo, Elisabeth Andreassen, Trine Rein, Tom Mathisen, og Katastrofe, oppsto det magi, nydeleg musikalske opplevingar og gode samtaler.

Med gjensidig beundring for kvarandre som artistar dukka det der opp tankar om eit musikalsk samarbeid mellom Maria og Lars. Dette vart til ein turné som gjekk gjennom landet for utselde hus i fjor vår. Suksessen held fram, og no er dei ute på ny turné til over 20 nye konsertstader, deriblant Ål kulturhus.
Maria & Lars møttes på scena gjennom eigne viser og andre songar som har betydd mykje for begge. Konserten blir framført av dei to saman og kvar for seg, med eit felles band med tre dyktige musikarar.:
Gitarist og musikalsk leiar: Bernt Rune Stray
Keyboardist og multi-instrumetalist: Stein Austrud
Trommer og multi-instrumetalist: Martin Bremnes

Dette blir garantert ei flott konsertoppleving for publikum.