Marianne & Leonard: Words of Love

Om filmen

Tittel: Marianne & Leonard: Words of Love

Premiere: 2019-10-11

Varighet: 1t 41min

Sjanger: Musikk dokumentar

Regissør: Nick Broomfield

Marianne & Leonard – Words of Love er ei vakker historie om den unike kjærleiken mellom Leonard Cohen og hans norske kjærast og store inspirasjon Marianne Ihlen, som mellom anna inspirerte han til å skrive ein av hans mest kjente låtar «So Long Marianne». Forholdet deira starta på den idylliske greske øya Hydra i 1960, der dei begge var ein del av eit bohemsk samfunn som besto av kunstnarar, forfattarar og musikarar. Filmen følgjer forholdet deira frå starten av tida på Hydra, ei tid full av «fri kjærleik» og opne ekteskap, og til korleis forholdet deira utvikla seg då Leonard Cohen vart ein kjend musikar. Kjærleikshistoria mellom Marianne og Leonard vara livet ut. Undervegs i filmen får me sjå korleis livet på den vakre øya Hydra utfalda seg, oppturane og nedturane i karrieren til Leonard, og den inspirerande krafta som Marianne hadde. Marianne og Leonard døydde med tre månaders mellomrom. Men rett før Marianne døydde fekk ho tilsendt eit brev. Eit kjærleiksbrev frå Leonard.