Marihøne Airlines - Gypsy Jazz Band

Om arrangementet

Ein konsert med Marihøne Airlines er teatralsk stringswing, impro, temposkift, drama, barnleg glede og høg energi. 

“Marihøne Airlines Gypsy Jazz Trio” rører seg i sfæren mellom fransk django swing og balkan trad. standardar, og alt som kan pakkast inn i formatet deretter. Marihøne Airlines-pilotane “Igor og Nesa” er frå innlandet på Balkanhalvøya og har vakse opp med sigøynarmusikk, akustiske instrument og raske akkordar, altså mykje av det same som kjenneteiknar også swing manouche, som vel å merke, har lange tradisjonar i Noreg.

Igor Dunderovic er norskbosnisk dramatikar og komikar, og er eit kjent ansikt på norske scener. Han har gjesta NRK, TV2, P1, P2, P3, Norske Talenter, God Morgen Norge, God ettermiddag Norge, Eides Språksjov, konsertscener frå Finnmark til Montenegro, har gjeve ut fleire plater, og har ein spellemannsnominasjon for beste barneplate 2014. Han er også ein habil gitarist. Nenad Mihajlovic (Nesa Miguel) er gitarist og tenor med jazz-bachelor frå konservatoriet i Wien, og jobbar no som kulturhusvert og gitarlærar i Porsgrunn og Skien.

Bli med på ein flytur med Marihøne Airlines! Me lovar ei turbulent reise gjennom store luftlommer, urytmiske krumspring og ei sky av forvirring. Med ein propell frå eller til, Marihøne Airlines lovar alltid å lande trygt slik at alle kan rekkje korresponderande transport heim. Bonus: alle får i gåve eit bittebittebittelite mikrominiatyrfly, det er så lite at du ikkje kan sjå det med det nakne auge, men viss du vil ha det, så får du det.

Arrangert i samarbeid med Interkultur, Det utvidede Europa prosjektet og Ål kommune.