Maryam

Om filmen

Originaltittel: The Perfect Candidate

Premiere: 2020-12-25

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: A

Originalspråk: Arabisk

Regissør: Haifaa Al-Mansour

Den nyaste filmen til Haifaa al-Mansour, regissøren av den banebrytande «Den grønne sykkelen», fokuserer på den kvinnelege legen Maryam frå Saudi-Arabia, som utfordrar systemet ved å stille som kandidat til byrådet. Målet er å få makt til å fikse den øydelagte vegen til klinikken der ho jobbar, noko myndigheitene har oversett i lang tid. Til tross for at ho blir motarbeidd frå fleire kantar vekkjer den fyrste kvinnelege kandidaten meir og meir interesse, og reisa Maryam går gjennom ved hjelp av systrene sine teiknar eit positivt bilete av rolla kvinner kan spele i det saudiarabiske samfunnet. Al Mansour prøver å portrettere dei veksande moglegheitene saudiske kvinner har til å forme eigne liv, med ein film som oppfordrar til å bryte ut av eit system som lenge har halde dei attende. Eit opplyftande familiedrama som gjev eit sterkt håp om ei betre framtid.