Mavka – skogens sjel
Om filmen
Originaltittel: Mavka, The forestsong
Premiere: 2023-10-27
Varighet: 1t 30min
Sjanger: Barnefilm, Animasjon, Familiefilm
Aldersgrense: 6
Originalspråk: Norsk
Regissør: Oleh Malamuzh, Oleksandra Ruban
Djupt inne i dei ukrainske skogane finnas løyndomar som lenge har vore skjult for menneska. Her lever skogåndene som vernar dei eldgamle trea og alt som bur mellom dei. Her får du møte den unge, naive skogsånda Mavka. Men kven skulle tru at ho skulle bli valt til skogens nye voktar? Ho lovar å verne om skogens sjel mot alt som truar. Særleg mot dei grådige menneska. Men kva skjer når hun forelskar seg i musikaren Lukas – Eit menneske?
Møt Mavka, ei ung skogsånd som nyleg har vakna opp av vinterdvale. Ganske overraskande er det ho som blir valt til den nye Vaktaren. Er ho ikkje alt for snill til ei slik alvorleg oppgåve? Mavka lover å beskytte skogen frå dei grådige menneska– problemet er berre at ho forelskar seg i eit. Ho veit ingenting om at Lucas er i riket hennar for å finne kilda til evig liv, som gøymer seg i skogens hjarte. Mavka og Lucas kjem frå to ulike verder som kollidera, og dei unge elskande må ta umogelege val. Denne magiske og fargerike historia trollbinder barn og vaksne verda over, gjennom musikk og bilete inspirert av ukrainsk tradisjon og natur. Historia viser korleis grådigheit og raseri truar med å utslette oss alle, dersom vi ikkje klarar å finne ei kraft som er sterkare. Skaparane av filmen klarte å fullføre filmen trass i krigen heime i Ukraina, og dei ynsker å gi verda bodskapen om at det er mogeleg å skape fred.