Meg og Dolly

Om arrangementet

Årets store showkonsert: "Meg og Dolly" med Hanne Sørvaag


Gjer deg klar for vårens store showkonsert som hyller "the one and only" Dolly Parton.
Med over 3000 låtar i bagasjen og 40 år sidan superhiten "9 to 5" vart gjeve ut er det klart for å feire ei av notidas største artistar i forestillinga "Meg og Dolly".

På scena står den folkekjære artisten Hanne Sørvaag som skal ta deg med på ei musikalsk reise i Dolly sitt univers saman med eit stjernelag av musikarar.

Hanne har elska Dolly sidan ho var ei lita jente, og Dolly har vore ein stor inspirasjon for karrieren hennar. Dette vil du merke gjennom historier, opplevingar og låtar i forestillinga "Meg og Dolly".

Dolly Parton har vore aktiv som artist i 70 år og har gjeve oss ei rekkje store hits. Kven hugsar vel ikkje låtane "Jolene", "Here you come again", "Islands in the stream" og "I will always love you" som også Whitney Houston hadde stor suksess med?!

Desse og mange fleire vil du få oppleve på Ål kulturhus 29. mars når denne hitparaden av ei forestilling tek turen hit for å gje deg ein festkveld du seint vil gløyme.

Hjarteleg velkomen til "Meg og Dolly».


Her er ein liten musikalsk smakebit:

https://www.youtube.com/watch?v=gAV_TC4h_0c

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilby middagsservering på Kafé Tid før forestillinga.
Middagsserveringa startar 2 timar før førestilling, samt at det gjeld utvalde rettar kvar gong.

Stad: Kafé Tid
Tid: Middagsservering kl. 17.00
Meny:
• Hickory røkt skinke med brokkoli og saltbakte poteter
• Karamellpai.
Dette er Dolly Partons egne oppskrifter!

Sjå eigen billettkategori.
NB! Billett med middag må kjøpast innan torsdag 26. mars kl. 1200