Melkekrigen

Om filmen

Originaltittel: Héraðið

Premiere: 2020-06-05

Varighet: 1t 32min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 9 år

Originalspråk: Islandsk

Regissør: Grímur Hákonarson

Den viljesterke og opprørske mjølkebonden Inga (Arndís Hrönn Egilsdóttir) har nyleg vorte enke og driv no eit gjeldstynga meieri åleine i ein aude islandsk dal. Ho er lei av livssituasjonen og har difor ingenting å tape då ho bestemmer seg for å erklære krig mot andelslaget som styrer mjølkeprisane med mafiametodar og regelmessig trugar henne og andre gardar i området. Inga må finne fram ein indre stålvilje og vere oppfinnsam slik at ho kan bryte seg laus frå monopolet til landbruksgiganten og byrje å leve livet på eigne premiss. Og det er heilt klart at ho treng dei andre bøndene i området på laget, for å vinne. Grímur Hákonarson, regissøren av STABUKKER (2016), er attende med eit finurleg og underspelt drama om å kjempe mot alle odds.