Miljø og moro på Sundre i 1950- og 60-åra

Om arrangementet

Fotoforteljing ved Hallgrim Berg og Ole Johs Brye

Eit fint og tett lokalsamfunn med liv og røre, handel og vandel, originalar og gode replikkar - det er dette mange hugsar frå miljøet på Sundre i 1950- og 60-åra.
I Ål var det allmenn laurdagsfri, for alle skulle til Sundre for å handle, høyre nytt, setja seg på kaffistugu, medan fleire av karane tok seg ein tur på Nr.15 eller nedom hestestallen…
Riksvegen Oslo-Bergen gjekk framleis forbi Torget og Tingstugu, der trafikantane bukta seg forbi dokkestigar, frukthandlarar og Frelsesarmèen.
Ei tid med ungar i alle hus, moro, leik, slagsmål og spetakkel, men likevel trygt.

Så kjem det nye tiåret med bilisme, festliv og promillekøyring, TV og VG, Brylkrem og popkultur. Men framleis leikarring på Solhov, ungdomsklubbb på Folkets Hus og ønskekonsertar på Sundrehall.

Hallgrim Berg fortel med skjemt og alvor frå det heilt særeigne miljøet som utfalda seg rundt Sundre i etterkrigstida. Med seg har han Ole Johs Brye som m.a. har plukka fram flotte foto frå faren sitt rike arkiv, inkludert levande filmsnuttar. 


Som sidekommentatorar på scena dukkar det fram ein trio: Helga Hellene Anfinsen, Roald Kvalvågnes og Alf Sonerud.


NB: Trekning av premier på inngangsbillettane…