Min bestemors millioner

Om filmen

Originaltittel: Lahn mah

Premiere: 2025-01-24

Varighet: 2t 5min

Sjanger: Komedie, Drama

Aldersgrense: A

Originalspråk: Original

Regissør: Pat Boonnitipat

Thailand sin Oscar-kandidat 2025!

I det historiske nabolaget Talat Phlu i Bangkok, kjent for tradisjonelle butikkar og livlege matmarknader, sel Amah den lokale delikatessen congee slik ho har gjort heile livet. Då ho blir sjuk og ikkje lenger kan jobbe som før, dukkar barnebarnet Ben opp for å ta seg av henne. Men kva er eigentleg motivet hans? Er det ynskjet om å ta vare på den kjære bestemor si, eller er det verdien i det gamle huset hennar han er ute etter? MIN BESTEMORS MILLIONER er ei kritikarrosa perle av ein film frå Thailand som har rørt publikum verda over. Ei universell og varm historie om kva familien betyr, og om at lykke ikkje handlar om rikdom, men om dei menneska me deler tida vår med.