Min pappa Marianne

Om filmen

Originaltittel: Min pappa Marianne

Premiere: 2020-08-07

Varighet: 1t 50min

Sjanger: Komedie, Drama

Aldersgrense: 6 år

Originalspråk: Svensk

Regissør: Mårten Klingberg

"Min pappa Marianne" er basert på ei sann historie. I 2010 kom den 58 år gamle svenske presten og trebarnsfaren Åke Roxberg ut som Ann-Christine. Han lever i dag som kvinne. Dottera Ester Roxberg skreiv ei bok om korleis det var å miste den eine forelderen og få ein annan. Filmen "Min pappa Marianne" blir skildra som ei varm historie om motet til å vere deg sjølv og lykka ved å bli elska for den du er. I filmen møter me Hanna (Hedda Stiernstedt) som nettopp har gjort slutt med kjærasten og vender attende til heimstaden for å jobbe som vikar på lokalnyheitene. Når den kjære far hennar, presten med det store skjegget, avslører at han verkeleg vil vere Marianne, blir Hanna si verd snudd på hovudet. For pappa Marianne er det ingen retur. Det er ei skremmande reise for Hanna som ikkje kjente verken seg sjølv eller faren så godt som ho trudde. Ei kjenslemessig historie om motet til å vere deg sjølv og lykka ved å bli elska for den du er. Hovudrollene blir spelt av Rolf Lassgård, Hedda Stiernstedt og Lena Endre. Mårten Klingberg er ansvarleg for regien. Rolf Lassgård (pappa Marianne) er kjent frå utallige roller. Han er ein av dei mest populære skodespelarane i Skandinavia og taklar det meste – frå velmeinande mamma i musikalen «Hairspray» til tøff politimann i "Jegerne" og gretten gubbe i den to gonger Oscar-nominert "En mann ved navn Ove". Hedda Stiernstedt (Hanna) spelte sist hovudrolla i SVT sin suksessrike dramaserie "Vår tid er nå".