Mina og røverne
Om filmen
Tittel: Mina og røverne
Premiere: 2024-09-06
Varighet: 1t 50min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: 9
Originalspråk: Norsk
Regissør: Kari Anne Moe
Mina Hadjian er sjølv kjent frå radioprogrammet «Mina» som gjekk på NRK P3. «Mina» var ein av dei mest suksessrike satsingane til NRK mot ei målgruppe utanfor veletablerte sosiale lag før ho fekk sparken. Mina trur på to ting: krafta i ord og retten til å få ein ny sjanse i livet. Dette har ført henne til å lage det banebrytande fengselsbaserte radioprogrammet: RøverRadioen.
I «Mina & Røverne» følgjer me Mina, røvarar og deira arbeid i fengselsradioen. Me ser dei i daglegdagse situasjonar der dei intervjuar kvarandre og opnar opp om oppveksten, livet bak murane og dei store spørsmåla i livet. Me ser også Mina navigere både mellom eksplosive utbrot, djupe bekjenningar frå nokre av dei hardaste kriminelle i Noreg, og eit uoppklart drap. I Mina og røverne møter me ei tidlegare radiostjerne frå P3, ein transperson frå Spania, ein konvertert muslim frå Kristiansand, og ein samisk eks-torpedo som har valt å bli krimfri. Mina Hadjian står bak Røverradion, som gjev straffedømte ei stemme. Å lage radiosendingar med røvarar kan vere krevjande, men ei heilt anna utfordring er å hjelpe dei med å byggje opp eit betre liv etter at dei er lauslatne. Me blir invitert inn i liva til både røvarane og Mina sjølv, og får eit usminka innblikk i realitetane i fengslet.