Mothering Sunday

Om filmen

Originaltittel: Mothering Sunday

Premiere: 2022-05-20

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Eva Husson

Basert på ei bok av Graham Swift, med manus av Alice Birch (Normal People).

Ein vakker dag våren 1924 køyrer ekteparet Niven (Olivia Colman og Colin Firth) til forlovingsfesten for sonen til naboen, Paul (Josh O’Connor) og ei Emma Hobday. Ingen veit at Paul i sju år har hatt eit løyndomsfullt og varmt forhold til Jane (Odessa Young) den unge hushjelpa til Niven-familien. Men før han skal gifte seg med ei kvinne frå sin eigen klasse, brukar han føremiddagen på eit siste lidenskapleg møte med Jane. Dei veit begge at dei aldri kan møtast att og at liva deira vil endre seg, men Jane har framleis inga aning om korleis denne eine dagen vil påverke resten av livet hennar… Manusforfattaren av NORMAL PEOPLE, Alice Birch, har skrive manuset som er basert på Graham Swift sin kjende og provoserande roman. Eva Husson har regissert Josh O’Connor, (som spelte den unge prins Charles i THE CROWN ), Olivia Colman (THE FATHER, THE CROWN) og Colin Firth (KONGENS TALE)