Mozart i ord og tonar
Billettar
Om arrangementet
Den verdskjende pianisten Katie Mahan kjem til Noreg for tredje gong, og legg også denne gongen turen innom Operalåven. Den kjende Steinway-solisten har med seg skodespelar Erlend Røldal Vikhagen, og saman framfører dei eit spennande program som består av Mozart sin geniale musikk og forteljingar om det korte, intense livet hans. Å få høyre Mozart sine kjende klaververk spelt av ein pianist av internasjonalt format, er ei oppleving ein bør unne seg når moglegheita er der!
Konserten bidreg til Mozart-feberen som allereie herskar i Hallingdal denne vinteren, ettersom lokale musikkaktører veka etter skal framføre Mozart sitt meisterverk "Requiem" i Ål kulturhus.
