Myke poter, skarpe klør

Om filmen

Originaltittel: Paws of Fury: The Legend of Hank

Premiere: 2022-10-07

Varighet: 1t 37min

Sjanger: Barne/Familiefilm

Aldersgrense: 6 år

Originalspråk: Norsk

Regissør: Chris Bailey, Rob Minkoff, Mark Koetsier

MYKE POTER, SKARPE KLØR er ein actionfylt og hysterisk morosam animasjonsfilm for heile familien! Med mellom andre Atle Antonsen, Herman Tømmeraas, Jon Øidarden, Stian “Staysman” Thorbjørnsen og Abubakar “Abu” Hussain i dei norske stemmene.

Fred er ein søt dagdrøymar av ein hund med éin stor draum; ein draum om bli samurai. Han legg ut på ei reise for å oppnå draumen sin og kjem fram til ein liten og rar by kalla Kakamucho, men her blir han ikkje særleg godt tatt i mot, fordi her skil han seg ut. Han er nemleg ein hund i ein by full av… Kattar! Og som vi alle veit… Kattar. Likar. Ikkje. Hundar. Og ein annan ting: Samurai-yrket er sjølvsagt berre for kattar. Fred er ein hund i kattane si verd, og desperat etter å blidgjere kattane i Kakamucho blir han heilt uvitande vikla inn i ei vondskapsfull plan om å utslette heile byen frå verdskartet. Vil Fred greie å oppnå draumen sin om å bli samurai og redde Kakamucho frå utsletting? Det vil berre tida vise…