Smakskurs i olivenolje - UTSELD!

Om arrangementet

Nils Johan og Giovanni bur i Vinje i Telemark og har olivengarden Uliveti Castel San Martino i Solopaca, 1 time frå Napoli sør i Italia.
Dei dyrkar oliven og produserer ein prisvinnande olivenolje - med etikett på nynorsk!

På kurset vil ein få kunnskap om produksjon og prosess på garden, kva som gjer ekstra virgin olivenolje til ein god olje, og kva som skil han frå anna olje. Ein vil også lære om dei gode kvalitetane av ekstra virgin olivenolje og bruksområder. Me kjem også til å lukte og smake oss gjennom tre ulike 
olivenoljer, og saman identifisere oljene ut frå kvalitet og smak. 

"Å taka vare på våre vakre oliventre er fundamentet i arbeidet vårt". Nils Johan og Giovanni held trea friske og fine ved å beskjære dei, gje dei energi med økologisk og berekraftige produkt, og ved å nytte ikkje-intensiv og tradisjonell haustemetode. Dei nyttar naturleg gjødsel som dei får frå andre bønder i Solopaca.

Velkomen til smakskurs i olivenolje med olivenbøndene Nils Johan og Giovanni!


Kurset er gratis, og varar 1 time og 30 minutt.
Meld deg på ved å hente ut gratisbillett i eBillett eller kulturhusskranken.
NB! Berre 25 plassar, så her er det lurt å sikre seg billett fort!