NMH + ÅKS = eit musikalsk vennskap

Om arrangementet

For femte gong har Ål kulturskule den store gleda av å ynskje 18 studentar frå bachelorprogrammet i musikkpedagogikk ved Norges musikkhøgskole (NMH) velkomne til Ål.

Gjennom ei heil veke med samspel, undervisning og musikalsk utforsking får kulturskuleelevane møte framtidas musikkformidlarar – og saman skapar dei nye møteplassar for læring og kunstnarleg utvikling.

Veka kulminerer i ein felles konsert i Storesalen – der NMH-studentar, kulturskuleelevar og lærarar står på scena saman. Her møtest ulike uttrykk, sjangrar og stemmer i ein musikalsk mosaikk prega av leik, læring og lidenskap.

Norges musikkhøgskole er Noregs fremste institusjon for høgare musikkutdanning og ein sentral aktør i utviklinga av eit inkluderande og berekraftig musikkliv. Gjennom samarbeidet med Ål kulturskule får visjonane liv – i møtet mellom unge musikarar, fagleg fordjuping og eit lyttande publikum.

Velkomen til ein leiken og levande musikkfest!


Gratis inngang!
Konserten varar ca 1 time.