NMH + ÅKS = eit musikalsk vennskap

Om arrangementet

For sjette gong har Ål kulturskule den store gleda av å ynskje studentar frå bachelorprogrammet i musikkpedagogikk ved Norges musikkhøgskole (NMH) velkomne til Ål.
 
Gjennom ei veke med samspel, undervisning og musikalsk utforsking får kulturskuleelevane møte 18 av framtidas musikkformidlarar. Saman skapar dei nye møteplassar for læring og kunstnarleg utvikling. Veka munnar ut med ein stor felles konsert i Storesalen, der NMH-studentar, kulturskuleelevar og lærarar står på scena saman. Studentane spelar mange ulike instrument og det er spennande i dette prosjektet å møte ulike uttrykk, sjangrar og stemmer i ein musikalsk mosaikk prega av leik, læring og lidenskap. 

Gjennom NMH sitt samarbeid med Ål kulturskule får visjonane liv – i møtet mellom unge musikarar, fagleg fordjuping og eit lyttande publikum. 

Velkomen til ein leiken og levande musikkfest!

Gratis inngang!
For å sikre deg plass kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.

Konserten varar ca 1 time.