The Nordic Strings

Om arrangementet

The Nordic Strings på Gudbrandsgård Fjellgard i Sudndalen!

The Nordic Strings er ein godt samspelt duo som består av Espen Wensaas og Thea Tunås Bratteng som har felles røter i Hallingdal og musikken. Dei presenterer ein minneverdig konsert med både tradisjonsmusikk og originale komposisjonar. Instrument som gitar, mandolin, hardingfele, cittern, concertina, og nyckelharpe tek publikum med på ei magisk reise.

På denne konserten blir dei trollbindande tonane kombinert med dei staselege bygningane i gardstunet på eit delvis nyrestaurert tun på Gudbrandsgård Fjellgard, medan majestetiske Hallingskarvet ruvar i bakgrunnen og dannar eit perfekt bakteppe.

På dagtid blir det arrangert open gard frå kl. 11-16 der det blir servering, aktivitetar for heile familien, det blir høve til å kome inn og kikke i alle dei gamle husa og til og med sjå nokre av dei i bruk. Dette arrangementet er gratis og ope for alle.


NB! Gratis for born/ungdom under 16 år, men du kan reservere plass ved å "kjøpe" billett til kr. 0,-.