Notre-Dame i flammer

Om filmen

Originaltittel: Notre-Dame brûle

Premiere: 2022-10-07

Varighet: 1t 50min

Sjanger: Drama, Thriller, Action

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Fransk

Regissør: Jean-Jacques Annaud

Jean-Jacques Annaud (Rosens navn, Syv år i Tibet) tek oss med til innsida av katastrofen som skjedde i Paris den 15. april 2019. Den verdskjende katedralen Notre-Dame de Paris gjekk gjennom renovasjonar og seinare på kvelden oppstod det eld oppe i loftet. Kort tid etter var katedralen eit grufullt flammehav. Annaud har stålkontroll på regien og skapar eit pulserande og engasjerande verk når han let dei tapre brannmennene skunde seg til dette historiske byggverket i eit håp om å redde det. Denne spelefilmen kombinerer arkivopptak og fiksjon, som gjer at du føler at du er til stades under katastrofen. Dette er ein gripande katastrofefilm med autentiske emosjonelle toppar om eit trist kapittel i Frankrike si historie.