KUNST, OPERA OG POESI til STØLS

Om arrangementet

Årets sommarutstilling i Galleri Syningen, "DEN BLÅ TIMEN" inneheld både måleri, grafikk og keramikk. Kunstarane Per Ove Sødal og Katarina Kjelland er begge frå Kristiansand, under opninga tek dei oss med til vår eigen fjellheim Unde Blåbergo der me vil oppleve kunst, opera og poesi.

VELKOMEN TIL SOMMARUTSTILLING 2025

Me ynskjer alle velkomne til ei heilt spesiell opning av årets sommarutstilling:

"DEN BLÅ TIMEN"
Per Ove Sødal - biletkunst, og Katarina Kjelland - keramikk.

Me tek turen til fjells, nærare bestemt Unde Blåbergo, Kråkhamarvegen 526, kanskje Åls flottaste stølslag.

Her blir me møtt av Ålingsfjella, kunst, opera og poesi:

- Erlend ynskjer velkomen
- Avduking av hovudverket i utstillinga - eit måleri frå stølen Unde Blåbergo, der Per Ove Sødal har budd og arbeidd fram mot utstillinga.
- Noko å bite i servert frå keramikk laga av Katarina Kjelland
- Opera i fjellheimen - Nils Harald Sødal og Benedikte Sofie Ribe
- Eldgrim Springgard les eigen poesi

Me set opp gratis buss som går frå Ål kulturhus den 14. juni kl. 15.00.
Omkring kl. 17.15 går turen attende til kulturhuset og til opning av sjølve utstillinga i Galleri Syningen (ca. kl. 18.00).
NB! For å tinge plass på bussen må du "kjøpe" gratisbillett på Ål kulturhus, i appen eBillett eller her på nettsida.

Det er lagt ut 34 billettar, bussen har 34 plassar. Dei som har henta ut billett har plass i bussen. dei som ikkje har billett må køyre sjølv.
Arrangementet på stølen er gratis.


Me håpar du vil bli med oss denne dagen.
Helsing Tone (Ål kulturhus) og Erlend (Ål kunstforening)


__________________________________________________________________________________________


DEN BLÅ TIMEN - om kunstnarane:

 

Per Ove Sødal - måleri og grafikk

Havet, uthavner, fiskevær og naust har ein sentral plass i motiva hans og han er opptatt av tradisjonen og
historia som følgjer landsdelen han bur i.
Motivmessig har Per Ove Sødal i hovudsak konsentrert seg om landskapet, og har prøvd å uttrykkje ein slags tilstand mellom indre og ytre verkelegheit. Bileta er alltid enkelt bygd opp med geometriske former, samtidig som dei inneheld element av mystikk, og ei undring om livet.
Per Ove Sødal bur på Sørlandet og tilbringer mykje tid ved Ny-Hellesund.

Litografi er den grafiske teknikken som fall naturleg for kunstnaren, som også arbeider med måleri.
Litografiet gjev høve til å jobbe med fleire fargelag, noko som gjev den stoff-likskapen han ynskjer.
Per Ove Sødal hadde innføring i grafikk ved Fellesverkstedet Myren Grafikk, med den dyktige grafikaren Håkon Grønlien som læremeister og inspirasjon. I 2007 vart Per Ove knytt til Kristiansand Grafiske Verksted, og hadde her Kjell Nupen som sin mentor i det grafiske faget. Det var også her han møtte trykkjar Anders Fredriksen, som han sidan har hatt eit nært samarbeid med.

 

Katarina Kjelland - keramikk

Katarina Kjelland arbeider med keramikk og visuell kunst og har verkstad på Lund i Kristiansand. Ho arbeider i ulike typer steingods, og balanserar funksjon og estetikk for å skape tidlause og varige objekt. Kjelland brukar både elektrisk ovn, vedfyring og raku i sine prosessar. Brenneteknikkar som vedfyring og raku er tidkrevjande eldgamle brennemetoder der resultata vert unike objekt. Vedfyring gir tydelige spor etter flammer, og raku får ofte metalliske overflater og svarte krakkeleringar. Kjelland utforskar lokale materialer som fins naturleg i jorda som ein metode for å skape unike uttrykk. Hun arbeider i sjiktet mellom kunsthåndverk, designa bruksobjekt og belysning til skulptur. 

 

Sommarutstillinga 2025 er open frå 14. juni - 24. august.

Les meir om utstillinga her