Nyttårskonsert - Marius Roth Christensen, Marit Sehl og Monica Tomescu-Rohde
Billettar
Om arrangementet
Endeleg har Operalåven fått tenoren Marius Roth Christensen på plakaten. Han vart fyrst kjend som gitarist og vokalist i rockebandet Seigmenn, men stemmeprakten leidde han inn i operasjangeren. Marius debuterte som Tamino i Tryllefløyta i 2006, og var medlem av solistensemblet i Nasjonaloperaen heilt fram til 2024. Han har sunge hovudroller innan opera og musikal ved fleire andre norske og europeiske operascener, og i dei seinare åra har han óg vorte eit kjend TV-fjes gjennom "Stjernekamp" og "Beat for beat".
Under årets nyttårskonsert i Operalåven vil publikum få høyre eit utval av Marius sine favorittsongar, saman med Operalåvens bjelleku Marit Sehl og pianist Monica Tomescu-Rohde.
Marius Roth Christensen, sang
Marit Sehl, sang
Monica Tomescu-Rohde, piano
