Nyttårskonsert
Billettar
Om arrangementet
Sopranstjerna Eli Kristin Hanssveen er eit vokalt fyrverkeri som leverer i alle sjangrar. Ho er solist på Den norske opera, og er i tillegg kjent frå NRK sin Stjernekamp og Melodi Grand Prix. Eli Kristin er drivkrafta bak "Operafest Røykenvik", ein festival ved Randsfjorden på Hadeland der ho kjem frå.
Saman med Marit Sehl og Monica Tomescu-Rohde har Eli Kristin eit sprudlande nyttårsprogram med seg til Ål.
For fyrste gong sidan Operalåven starta treng ikkje publikum vere redd for å fryse på nyttårskonsert, no som fjøset har vorte ein ordentleg konsertsal!
Eli Kristin Hanssveen og Marit Sehl, sang
Monica Tomescu-Rohde, piano