Odd Fish

Om filmen

Originaltittel: Ljósvíkingar

Premiere: 2025-09-26

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Komedie, Drama

Originalspråk: Original

Regissør: Snævar Sölvi Sölvason

Ein ekte islandsk feelgood om vennskap, identitet og ein sjømatrestaurant i storm!

I den vesle, værbitte fiskarlandsbyen på Vest-Island driv barndomsvenene Hjalti og Björn ein populær sommarrestaurant. Når dei får sjansen til å halde ope året rundt, set ei uventa avsløring vennskapet deira på prøve: Björn fortel at ho er transkvinne og ynskjer å leve som Birna. Odd Fish er ein varm og sjarmerande dramakomedie om identitet, aksept og kva ekte vennskap eigentleg krev. Med lune glimt av humor og ei raus haldning til det skeive og sårbare, viser filmen korleis gamle band kan bli utfordra – og styrka – når me vågar å vere oss sjølve. Perfekt for deg som likar hjartevarme historier med meining – og ein dæsj islandsk kyststemning.