Odd René Andersen m/band

Om arrangementet

Odd René Andersen – stjernekampvinnaren frå i haust – svingar seg ut på vegen for å dele sigeren med oss! 

Han blir omtala som Noregs beste soulsangar, med ei heilt unik stemme. Han har ei særeigen evne til å kommunisere med og målbinde publikum. Gjennom heile Stjernekampsesongen synte han oss at han fordjupar seg i melodiane og gjer dei til sine eigne – uansett kva sjanger han syng.

Odd René har vore soloartist sidan 1996, og har hatt utallige radiohits sidan den gong. Han har dessutan vore supportartist for store namn som Tina Turner, Joe Cocker og John Hiatt, og han var også spesielt utvald korist for Paul McCartney under fredspriskonserten i Oslo Spektrum i 2001.

Odd René har ei eiga evne til å få satt akkurat den stemningen han er ute etter å gje publikum, og på denne turnéen er målet at alle forlét salen litt varmare om hjarta enn dei var då dei gjekk inn. 

Velkomen til ein herleg kveld med Odd René Andersen og bandet hans!