Olsok-konsert med Øyonn Groven Myren

Om arrangementet

Gamal Olavs-tradisjon i ord og tonar ved Øyonn Groven Myhren.

Hovudfokuset blir folkelege Olav-tradisjonar frå rundt omkring i Noreg.
I tillegg blir det utdrag frå Heilag-Olav sine visjonar, slik Snorre Sturlason utforma dei på 1230-talet.

Konserten blir avslutta med Draumkvedet der namnebror til Heilage-Olav, Olav Åsteson, legg ut om visjonane sine.
Han har sett korleis det skal gå på dommedagen.

Fleire Draumkvede-forskarar har leika med ideen om at Olav i Draumkvedet var den mest segnomsuste, helgenkongen som døydde på Stiklestad 29. juli 1029, for 998 år sidan. 
Mor til Draumkvedet-Olav ber tilnamnet «Åsteson» i nokre av Draumkvede-overleveringane, som av enkelte tolkast som `son av Åsta`. Og mor til helgenkongen heitte Åsta.