Olsok-konsert i Torpo Stavkyrkje

Om arrangementet

Kristin Flood - Forfattar
Zotora - Didjeridoo

I ei ny, fri attforteljing av Inferno - den fyrste tredjedelen av Dante Alighieri sitt verk Den guddommelige komedie frå 1300-talet - kan du oppleve verket til den store, italienske diktaren for fyrste gong i ei enkel, norsk språkdrakt. Boka ‘Dantes Inferno, for dei late, grådige og syndige’ vart gjeve ut i 2021, i samband med 700-årsjubileet for den italienske diktarens død i 1321. Forfattar Kristin Flood presenterer den nye boka si denne kvelden, gjennom ein kombinasjon av foredrag og opplesing. Ho vil fortelje om Firenze og Dante i middelalderen og korleis me kan forstå dei sju dødssyndene i dag. Didjeridoo-spelaren Zotora, kjent frå konsertar i Emanuel Vigelands Mausoleum, akkompagnerer og skapar ei gripande, musikalsk atmosfære omkring teksten.

Dante sitt hovudverk Den guddommelige komedie har gjennom sju hundre år inspirert kunstnarar, forfattarar, fagfolk og alminnelege lesarar over heile verda. Goethe, Shakespeare og T. S. Eliot meinte det var eit dikt ein aldri vart ferdig med. 

Inferno er kjent i Noreg gjennom omsetjingar på nynorsk og bokmål. Norsk-italienske Kristin Flood, forfattar og mangeårig journalist for Aftenposten i Italia, busett i Italia, dukka ned i Dante si originaltekst for nokre år sidan. Gjennom ti år har ho arbeidd med å lyfte fram dei mest kjente delane av verket og attgje dei med sine eigne ord – på rim, inspirert av den munnlege tradisjonen i middelalderen. I hennar opne, frie og folkelege verselinjer trer det store verket fram som ei underhaldande og spennande skrekkhistorie. Slik blir klassikaren Dantes Inferno tilgjengeleg for alle.