Olsokkonsert m/Linnéa Sundfær Casserly
Billettar
Om arrangementet
Linnéa Sundfær Casserly er blokkfløytist, songar og kordirigent med utdanning frå Norges Musikkhøgskole og Hochschule für Musik und Theater Hamburg. Som blokkfløytist har Linnéa mellom anna hatt solokonsertar på festivalar som Nordlysfestivalen i Tromsø MicroFest Prague, Victoria International Music Festival på Gozo og MikroFest Vilnius. Som songar har ho mellom anna sunge i operaen "La Liberazione do Ruggiero" av Francesca Caccini på nasjonaloperaen i Helsinki. Ho var også solist på albumet Reconnaissance saman med Helsinki kammerkor, som vann Grammy for beste korinnspeling i 2024. Saman med Inga Gorset har ho utvikla barneforestillinga Yggdrasil, med barokk- og middelaldermusikk og forteljingar frå norrøn mytologi tilpassa born i alderen 5-10 år.
Til denne Olsokkonserten har Linnéa sett saman eit program inspirert av eventyr, folkemusikk, natur og ikkje minst stavkyrkja der konserten finn stad. Publikum vil få høyre middelalderestampiar og salmar som er nesten like gamle som kyrkja sjølv og musikk inspirert av norsk natur, skiftande årstider og fuglesang. I tillegg framfører ho musikk frå stordomstida til blokkføyta, barokken, og i desse stykka vil ein høyre korleis kunstmusikken framleis var tett forbunde med dans og folkemusikk. Musikken er komponert av mellom andre Øistein Sommerfeldt, Georg Phillipp Telemann og sjølvsagt også mange verk av mest produktive komponisten i middelalderen: "Anonym".
Foto: Ole Haug