Om Rolf Nesch

Rolf (Emil Rudolf) Nesch var ein tysk-norsk skulptør og grafikar. Han vart fødd i 1893 i Ober-Esslingen, Württemberg i Tyskland. Då han i 1933 flykta frå nazi-Tyskland og deira negative kunstnarsyn, var han allereie ein høgt respektert kunstnar i heimlandet

Valet for nytt heimland fall på Noreg. Eit land som hadde fostra ein så dyktig kunstnar som Edvard Munch måtte vere eit godt land å bu i, meinte Nesch. Den fyrste perioden i Noreg vart likevel svært vanskeleg for den tyske kunstnaren, men etter nokre år i fattige kår betra situasjonen seg. Rolf Nesch vart etterkvart ein kjend kunstnar som fekk stor innverknad på den yngre generasjonen kunstnarar her i landet. Han er internasjonalt kjend som ein av dei store fornyarane innan grafikken, med metodar som gjennometsing og metallgrafikk.

Nesch hadde ein enormt stor produksjon som omfattar både grafikk, materialbilete, måleri, skulptur og teikningar. Han er særleg kjent for å lage grafikkseriar med fleire motiv av same tema. Døme på dette er seriane St. Pauli, Hamburger Brücken, Karl Muck og hans orkester, Sne, Lofoten, Å svømme og Å fly. Elles er det store materialbiletet Sildefiske kjent. Dette heng i Indekshuset (Industrien- og eksportens hus) på Solli plass i Oslo.

I 1950 gifta Nesch seg med skodespelarinna Ragnhild Hald og kjøpte året etter garden Rud i Ål. Han døypte garden om til Ragnhildrud, og her budde og arbeidde han resten av livet sitt. Rolf Nesch døydde i 1975.

Du kan lese meir om Rolf Nesch her: www.nesch.no

Rolf Nesch portrett