OperaJul - operafavorittar i juledrakt

Om arrangementet

Gløym høgtideleg knefall og pompøs opera – no blir det herleg julekaos! Er du klar for ein julekonsert heilt utanom det vanlege? OperaJul tek dei aller største, mest kjende operasviskene og gjev dei ein solid dose humoristisk, norsk ansiktsløfting. Her blir dei episke drama bytta ut med gjenkjennelege og heilsprø karakterar me alle møter i julestria. Ein stressa julealv som har fått meir enn nok av pakkepresset. Ein herleg snobbete finare frue frå Blommenholm som krev ei perfekt jul. Ein sjølvgod julenisse... ...og kva i all verda har skjedd med Rudolf i år?! Dette blir ein kveld med skyhøge vokale prestasjonar og garantert latterkrampe. Ta med deg vennegjengen, familien eller naboen og sikre deg billettar til årets desidert mest morosame julekonsert - slik har du aldri høyrt O mio babbino caro, Blomsterduetten og La donna e il mobile!

Medverkande:
Cecilie Cathrine Ødegaarden, sopran
Marit Sehl, mezzosopran
Øystein Skre, bass
Kristine Lunde, piano