Sommaropera

Om arrangementet

Operalåven sin Sommaropera trekkjer publikum frå fjern og nær. Framsyninga er familievenleg og blir spelt under open himmel ute på tunet i garden. 

Dramaet er sett saman av kjend musikk frå opera og operette, og på rollelista i år står ein av Noregs største operaprofilar gjennom ein mannsalder - sjølvaste Trond Halstein Moe. Saman med stjernesopran Silvia Moi, ”tenorlendingen” Kristian Krokslett og mezzosopran Marit Sehl utgjer han kvartetten som for dette høvet har henta sine eigne favorittmelodiar frå operaverda. 

Forestillinga er humoristisk og vil passe for alle i familien som orkar å sitte stille ei stund. Barn under 18 år kjem gratis inn i følge med vaksne.

Området opnar 2 timar før framsyning. 

Sal av mat og drikke.


Silvia Moi, sopran
Marit Sehl, mezzosopran
Kristian Krokslett, tenor
Trond Halstein Moe, baryton
Monica Tomescu-Rohde, piano