Operalåvens nyttårskonsert

Om arrangementet

For 9. år på rad ynskjer Operalåven velkomen til Nyttårskonsert.
Gjestesolist i 2027 er Aleksander Nohr frå Kjerringøy i Nordland. Aleksander har ei av dei finaste barytonrøystene i landet, og er for tida tilsett som solist på Den norske Opera i Bjørvika. Han har sunge med orkestre i inn- og utland, og gjeve ut fleire album med songar. Aleksander er kjend for ein varm, lyrisk klang i stemma og eit sterkt scenenærvær. I samspel med Operalåvens Marit Sehl får publikum høyre songar og duettar med høg festfaktor for å feire inngangen til det nye året. Ved flygelet "Staslin" sit Monica Tomescu-Rohde.

Velkomen til ein musikalsk nyttårsfest!


Aleksander Nohr, baryton
Marit Sehl, mezzosopran
Monica Tomescu-Rohde, piano


Foto: David Dawson