Operapub: Ål by night!
Billettar
Om arrangementet
Når den mørke novemberkvelden senkar seg over Ål kjem dei småfrekke duettane fram på repertoaret oppi Votndalen.
Opera er flott på store scener, men på nært hald får ein høve til eit gøyalt samspel med publikum.
Det blir lystige tonar frå Tryllefløyta av Mozart, kvasse tekstar frå Tolvskillingsoperaen av Kurt Weill og ein tur innom Spelemann på taket. Har du ein favorittarie, kan du ynskje deg den - kanskje kan songarane riste han ut or ermet.
Ta med deg ein musikkglad venn og kom på operapub!
Baren er open.
Aldersgrense 18 år.
Gratis parkering for bilar, syklar, hest og kjerre.
Magnus Ingemund Kjelstad og Marit Sehl, sang
Monica Tomescu-Rohde, piano